om å få knagg på badet.

ein vinterdag for litt mindre enn fem år sidan: lilla evig langt hår, misfarga etter litt for mykje innsats, svarte klede, kåpe som var fire storleikar for stor. i ein bokhandel med ein med pianohender og hjartet mitt banka så hardt at eg kunne høyra det(sosial angst var på den tida ein stor faktor i livet mitt, og tanken på å sjå kassadama i augene var knusande og avskrekkande). me ventar, eg og han der fine(med glatt hår), på foreldrene hans som eg skal møta for første gang, eg har tusen ting spinnande i hovudet og klamme hender. dei kom og me håndhilste og i bilen heim snakka dei om søstra til han der fine, journalisten, og broren, kirurgen, og baki stod den nye pianokrakken til pianoet i stova som har minst fire meters takhøgde i huset som står på den enorme tomta til familien med det store navnet som er så kjent for alle eg kjente. dei snakka om grammatikk ved middagsbordet og las bøker eg ikkje forstod tittelen på. dei spurte meg om ting og eg svarte med einstavelsesord og eg tenkte at men herregud, her kjem eg aldri til å passa inn. aldri i livet.

&det tenkte eg lenge lenge heilt til eg våkna ut av ein koma av gjørme som eg hadde laga heilt sjølv(fordi det var det eg var vant til, å ikkje passa inn men alltid vera den som sparkar småstein aleine). for etter ei stund innser eg at dei er menneske, dei óg. ikkje på nokon måte bedre eller verre enn andre menneske, dei har vore små foster og små hjelpelause babyar, dei er brødre og fedre og sønner og bestefedre, og døtre og mødre og søstre og bestemødre og barnebarn, akkurat som eg er og skal bli. (for tenk kor fint det egentlig er, å få eit sett med ekstraforeldre og ein ekstrabestefar og ekstrasøsken og nokre små i tillegg) og da legg ein merke til personane bak dei skremmande laga som ein maler på kvarandre. for da er dei berre personar. personar som elskar og ler og sørger og gret. personar som ser på tv til to om natta og køyrer seg ville i byen og svir lauken til middag ein onsdag og har oversvømmelse på badet. dei har knaggar på badet heime hjå han der fine, knaggar som er akkurat like store som min. og dei er min familie.


about my new family(aka my boyfriends family).

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *