velkommen heim/velkommen tilbake.

velkommen heim ropar alle banneord eg kan på flytogterminalen på gardermoen, for herre-herregud så kaldt det er. køyrer toget i det som verkar som ein evighet, mimrar augneblinkar frå berlin og frustrasjonar, stoppar i lillestrøm og dama seier at ein må gå ei dør fram for dei andre har fryst fast, det spelar ingen rolle for oss, me har eit stykke til. toget køyrer igjen, eg blir overvelda av ein lykkefølelse, nesten berusa, av å vera tilbake i oslo og innser meir og meir at eg elskar den. toget køyrer inn på eit anna spor enn den skal, ikkje så nøye, klemmer hedvig farvel på oslo s, kjøper billettar og smyger iveg til trikken så fort ein berre kan smyga. halvvegs til brugata ringer han og seier jamenkvarerdu? og eg seier på trikken og han seier jamen eg står jo her og ventar på deg. hoppar av trikken på brugata og ser nedover. på andre sidan av gata er det ein reklame for airberlin og eg smiler fordi det er litt ironisk. trikk søtten, nei. enda ein trikk søtten, nei. så kjem trikk tolv og på veg forbi skimtar eg dreads og klarar ikkje å ikkje smila hysterisk. han har gul sløyfe på og kom for å bæra bagasjen min og sussa meg velkommen heim. me køyrer trikk saman tilbake, og på veg fra trikken og heim stoppar me for å kyssa berre fordi me ikkje klarar å ikkje gjera det uansett kor kaldt det er. ved døra seier han kan du ikkje grava i snøen litt der? og eg seier jamen det er kaaldt! men gjer det likevel. ei bøtte med mint-is, min favoritt. me går inn i heisen og kyssar meir, han låser opp døra og sjølv om det er mørkt kan eg sjå at han har rydda og vaska og gjort det fint til min heimkomst, og på bordet står ferske blomar og paddington for å ønska velkommen. på kjøkenet står ein middag nesten klar og eg ser ut som ein idiot som berre smiler og ikkje klarar å slutta.

me ser krim og han sovnar og eg tenkjer at herregud så deilig at alt er tilbake til normalen.

velkommen tilbake eg skriver ned orda ovanfor i mi nye moleskine-dagbok som er så vakker så vakker sjølv for meg som hatar struktur, eg ser ned på den nye kjolen min som ser ut som små drops og minnar meg om ein fin by eg nettopp har blitt kjent med. eg åpnar glasdørene ut mot oslo og tar bilder med det nye kameraet mitt, har ikkje sokkar på men det går akkurat. det piper inn ein melding der ingvild skriv at ho er på oslo s ti på halv tre. eg tenkjer at det er trist at det er mange som har sjekka ut herfra den siste månaden, men ein må berre ikkje tenka det og heller tenka at eg har hatt ei vidunderlig jul og ein vidunderlig reise til berlin, men no er det på høg tid at eg prioriterar hjartesmil-huset og alle dei som bur her igjen, og eg gler meg til eit nytt år med kjærleik, kjolar, kaleidoskop og kamera med alle små lesarar. eg håpar mange fleire flyttar inn hit og at me aldri kranglar men berre har det bra og skriver dikt på baksida av kvitteringar. at me reiser på tur saman og oppdagar nye plassar å krypa inn når det blir for kaldt i skoa eller for varmt i skuggen.


yesterday my boyfriend greeted me back from berlin with fresh flowers and wearing a yellow bowtie, today i am thinking about how much i love oslo and how much i love my blog readers.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *