godt nyttår!


kjelde

eg har jo heilt gløymt å sei det! godt nyttår! eg har ikkje for vane å driva med nyttårsforsett og sånne klisserier, men eg vil likevel nytta sjansen til å sei tusen takk til alle lesarar som gjorde ’09 til eit fint år. tusen takk for alle kommentarar og mailar og brev og til alle som har stoppa meg på gata. de kan redda dei dårligaste dagane og få magen min til å føla seg som ein varmluftsballong, skjønnar de eller?

og no tar me ein hjartesmilblogg’09-kavalkade. kva likte de best gjennom året som gjekk og kva vil de ha i det nye året? ein ypperlig sjanse til å vrenga hjartet, eg blir glad for alle idéar(konkrete eller ikkje) og tilbakemeldingar eg får. ei evaluering, om du vil. sussar til alle! de er nydelege.


i just want to wish all my readers a very happy new year and thank you so much for all the love in the previous one.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *