feira.


kjelde

sjølv om nullni har vore eit år fylt med fest, har det siste halvåret kanskje vore litt for rolig, så eg tenkte at ein skulle finna nye ting å feira så ein fekk ein grunn til å invitera folk. difor har eg funne følgande ting å feira i det nye året(i tillegg til andre åpenbare ting som purstagar og kjærleiken):

nytt år i oslo, januar – totusenogti blir mitt første heile år i oslo og mitt første heile år under samme dyne som den vakraste i verda. det tykkjer eg jammensant ein skal feira. eit nytt år i oslo til å leita etter fine og rare plassar og krikar og krokar og dela dei her.

poesidagen, 21.mars – både eg og han der fine og mange i vår vennekrets har ein stor kjærleik for poesi. tenk kor fint å møtast i eit mørkt rom med stearinlys og raudvin og lesa dikt til langt på natt

vaffeldagen, 25.mars – eg har eit vaffeljern, kanskje du har eit vaffeljern. kvifor ikkje feira? brunost på mi, takk

sveriges nasjonaldag, 6.juni – altså, kvifor ikkje? ein har jo eit visst bånd til nabolandet sverige og kvifor ikkje nytta anledningen til å feira eit så vidunderlig land? kanskje ein til og med skulle reist dit?

verdens blodgiverdag, 14.juni – eg tykkjer alle skal dra med seg vennene sine til sjukehuset og sei “tapp meg for blod!” eg har sjølv fjerna piercingane mine den siste tida fordi eg skal bli blodgiver så å gi blod tykkjer eg er noko av det viktigaste ein kan gjera for å bidra til samfunnet. det kostar eit friskt menneske ingenting, men for nokon som treng det er det det viktigaste i verda.

fårikålens dag, 25.september – om ein først skal vera vaksen og bu aleine tykkjer eg ein skal læra seg å laga fårikål. og om ein først lagar fårikål lagar ein til mange(litt som med lsd). så kvifor ikkje ha fest, liksom.

verdens fjernsynsdag, 21.november – best i verda: ein dag tileigna tv-middagar.

no tykkjer eg de skal skriva det ned i kalenderane og invitera til kjempefest jaffal ein gang i månaden. er det andre ting de tykkjer ein skal feira?

ps: i år er morsdagen, valentinsdagen og fastelavn på same dag! kjempefest!


i’ve found new things to celebrate in the coming year, what about you?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *