me køyrer nattbuss.

eg køyrer nattbuss og eg undrar kvar han skal. tenkjer han på nokon som ventar eller ventar han sjølv? veit han at eg ser på? kva høyrer han på? er det stravinsky? eller yann tiersen? han har blondt hår med krøllar berre heilt i tuppane og augene er grønne som brokkoli. som store klinkekuler. han har på seg ei rutete skjorte og syr eit hol i buksa medan han mimar orda til musikken sin.  eg skulle ønska nokon ville laga oss i pappmasjè, låsa oss inne i eit hus der me ikkje kunne reisa ifrå fordi det ville vera det same som å rulla av kanten til heile jorda, å godta døden som eksistens. eg ser på han og lurer på korleis han ville sett ut i senga mi, korleis han luktar utan skjorte på. om han ville bygd fort av tepper og puter med meg og vore våken med meg heile natta for å lesa emily dickinson og snakka om sylvia plath sitt liv. så hugsar eg at han ikkje veit at eg eksisterar, at eg berre fantaserar og at eg må slutta å forelska meg i framande.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *