svar, del tre.

kva får deg i skikkeleg julestemning?

kanel og kardemomme. love actually. klementiner. baking. lerum julebrus. grønnsåpe. familie. snø. eg har alltid hatt vanskelig for å få julestemning, til og med som lita. men i fjor, det kan ha ein sammenheng med at bestefar døde, så slappa eg berre så av. dei fleste stressar sånn om julestemning som om det skulle vore innkalling til ein fantastisk skule. ?har du fått det enda?? ?høyrt at ho der fikk sin i går?, og det har eg innsett at berre er dumt. for om ein berre lar seg sjølv slappa av litt, så kjem den nok. og viss ikkje, er det berre å setta på ein hjemme alene-maraton så skal du sjå!

 

når var du sist i julestemning?

eg er, merkelig nok, i julestemning no. eg seier merkelig nok fordi eg trudde oslo kom til å vera fæl om jula, at det berre var stress. men eg elskar det. elskar born som spring rundt på karl johan som posebærarar for stressa mødre. og dei få gongane det snør litt fangar eg den med tunga.

 

kva et du på julafta?

pinnekjøtt! vel, egentlig skulle eg ønska eg berre kunne ete kolrabistappe, men pinnekjøtt er heilt greit i tillegg. men egentlig skulle eg ønska kalkun, for det er min favorittfestrett.

 

hvorfor skriver du “p” istedet for “b” i noen ord? som for eksempel putikk og pusøk.

fordi eg har sagt det på den måten sidan eg var liten og da er det fint å skriva det.

 

hva er det fineste noen har gjort for deg?

folk gjer så masse fint for meg heile tiden, så det er vanskelig å sei. i fjor fekk eg eit teatermanus som fredrik hadde skrive til meg og eit akvarium laga av ei skoøskje fra christine, så de skjønnar. vanskeleg.

 

hvor kjøper du de fine kjolene dine?

på uff og trabant her i oslo, etsy og ebay på nett.

 

kjem du til å bli buande i oslo?

eg veit faktisk ikkje enda. me kjem til å bu her i alle fall i eitt år til, så får me sjå etter det. eg lengtar til london og paris, men oslo er ikkje så verst likevel.

 

hvor lenge har du sett på criminal minds?

i alle fall eitt år, for eg hugsar eg såg på det store delar av jula i fjor. eg elskar sånne seriar og seriemordarar og kriminalitet fascinerar meg.

 

pusekatt eller hund?

hund. trur eg.

 

russland eller frankrike?

frankrike(men det var eit vanskelig valg).

 

hva syns du om harry potter?

elskar det. pappa las bøkene til meg på senga, og me hadde tradisjon med å reisa til bergen i desember(dei pleide å gå på kino i desember) og sjå filmane i lag. eg hugsar det mest som ei følelse av ekstase.

 

hvilket stjernetegn har du?

tyren.

 

hvis du bare kunne høre på en sang for resten av ditt liv, hvilken sang hadde du valgt?

yann tiersen – comptine d’un autre été l’après midi

 

liker du sitron?

ja, men ikkje heilt aleine.

 

leser du avisen?

leser aftenposten i helgene, for da får me den på døra, også er eg inne på dagbladet sine nettsider typ ti gangar for dagen.

 

hvilke bøker liker du?

sånne som handlar om kjærleik. eller sjiraffar som helst vil ha biff til middag.

 

har du belgisk vaffeljern?

nei, burde eg det?

 

om du skulle skapt ei ny verd frå botn av, kva var noko av det fyrste du ville skapt?

vel, mi verd skulle vera laga som ein stor makron. så inni den var det ikkje varmt, men makronfyll. så om ein ville ha kunne ein grava også kom ein til slutt til det. og det var ulike smakar for kvart kontinent. så skulle alle menneske fra dei ulike kontinenta ha same farge som fyllet i det kontinentet, og om det var blanding så skulle dei ha grunnfarge fra eitt kontinent og prikkar fra det andre. det ville vore fint, trur eg.

 

har du nokon gong vore med på fotball og spelt det på fritida di (eller ein annan idrett)?

håndball! eg var egentlig ganske flink ei stund óg.

 

hva heter siden du hentet det bildet med hvor mange gnger beatles brukte ordet love i sine tekster?

den heiter learn something every day.

 

har du noengang fått vond kritikk av bloggen? altså at noen har bortimot ledd av den og deg? og om du har det, hvordan har du taklet det?

ja, det har eg. eg taklar negative ko
mmentarar omtrent like dårlig som alle andre. ingen vil vel at folk som ikkje kjenner dei skal kasta ut av seg påstand etter påstand om at eg er sånn eller sånn når dei ikkje har peiling i heile tatt. eg ignorerar dei, som oftast. som regel er det folk som legg igjen kommentarar utan mailadresser og utan bloggadresse, og da ser eg ikkje noko poeng i å svara dei eingang. eg kranglar ikkje med folk uten ansikt, og eg syns det er feigt å berre kasta ut av seg alt dei måtte ønska også gøyma seg bak ikkje-eksisterande ip-adresser. eg har ikkje lyst til å vera eit talerøyr for negativitet, så da er eg ikkje det.

 

hvordan er det å møte blogglesere? er det gøy og fint eller rart og pinlig?

det er som oftast ekstremt hyggelig, spesielt når folk snakkar til deg. det er ofte jenter på trikken som stirrar ein heil del, i alle fall om han der fine er med, og da veit ein liksom berre at dei veit kven ein er. men det er fint. berre fint. men veldig rart samtidig.

 

var det en vanskelig prosess å flytte til oslo? måtte du gå gjennom mye merkverdigheter for å få flytte, i henhold til skole og slikt?

egentlig var det nesten altfor enkelt. eg og han der fine søkte på leilighet rundt november året før me flytta, på studentsamskipnaden i oslo sine nettsider(det får ein om ein går på universitetet), og me fekk leilighet i ein av studentboligane til sio ganske tidlig. eg søkte på skule første juni og fekk svar berre ei veke etterpå om at eg hadde komt inn. pappa hjalp oss å flytta ei helg i august. så eg trur me hadde det veldig enkelt i forhold til mange andre. eg flytta jo ut allereie som seksten, så det var ikkje så skummelt egentlig(utenom at eg hata oslo på det tidspunktet).

 

tar du deg tid til å lese litt ukjente blogger iblant? typ, bare loker litt rundt på nettet og snubler over en søt blogger? eller holder du deg til de kjente (både som i blogg”kjendiser” og som i venner)?

åh, nei! eg er innom alle dei som kommenterar bloggen min og kjenner igjen dei fleste som kommenterar. eg er ofte på reise rundt i blogglandskapet på blogghopping, så eg snublar ganske mykje rundt omkring, det er noko av det morsommaste eg veit om. eg leser ein del av toppbloggane, men mest for å følga med på ting som skjer i bloggverda og ikkje av noko genuin interesse.

 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *