gjesteinnlegg ein.



dagen før eksamen, og eg skal skrive gjesteinnlegg. for fyrste gong vera nokon anna enn han som smiler og kysser og står bak kamera når mariell er på biletet. eg kjenner at dette er litt skummelt. 

 

eg vart overvelda av kor mange forslag de hadde til kva eg skulle skrive om. eg vil spesielt framheve «Å ja, slipp han løs! (Men ikke for mye, for bloggen er din og derfor så fin)». eg er så einig, og så fint sagt! ei perfekt daktylsk setning, som eit lite musikalsk dikt. ver ikkje redde, eg skal ikkje bli lengje i kveld. eg har enno att ein god del å lesa til eksamenen min (som er om akkurat nesten ti timar) og det tek til å bli seint. men ut frå det de bad om og kva eg har lyst å skrive om, trur eg vi gjer det slik: eg skriv gjesteinnlegg tre søndagar framover, ikkje nødvendigvis med ein gong men kanskje. fyrst kan eg skrive litt om musikk, så litt om turen min til palestina og palestinarane før eg til slutt skriv litt om livet her og det å bu saman med det skjønnaste, galnaste, merkelegaste, snillaste, sterkaste og vakraste mennesket eg nokon gong har treft.

 

eg skal ikkje gå inn på det her – sidan det kjem i det siste innlegget – men eg trur faktisk ikkje de er klar over kor heldig eg er. som de veit – så er det berre fragment av kvardagen vår som dukkar opp her på bloggen. tusenar av små ting ho gjer, setningar ho seier, bidreg til at eg aldri, aldri kunne førestille meg korleis eit liv utan henne kunne vera. eg kan aldri forklara for dykk akkurat korleis det kjennest for meg – så sterke ord har vi ikkje ein gong på nynorsk – men kan hende kan eg gje dykk eit lite innblikk.

 

alt godt!
jostein  

 

ps: dersom nokon lurer på kva ein daktyl eller ei daktylsk setning er, så er det når stavingane er organisert slik: «tung-lett-lett», slik som «PÅL sine HØner på HAUgane SLEpte». syng, så forstår de.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *