onsdag.


i går reiste eg på åpning av ei utstilling der læraren min stiller ut. på rådhuset.

han der fine var med.

og hedvig! etter det sa det svosj rett på trikken for meg og han der fine, til bogstadveien.

for der var det åpningsfest for monki! (mannen i døra spurte kor gammal eg var og eg sa “18! 19!” og måtte sjølvsagt visa legitimasjon.)

og fargeglade drinkar.

og ballongar.

og øl.


det er så masse speglar der inne at ein kan bli gal. nesten så dei bør ha piler på golvet så folk skal finna fram og ikkje dunka hovuda sine.

me holdt oss mest ute, for det var så masse folk der at ein måtte smyga seg inntil. også fekk ein ha godteri i håret, som de sikkert ser.

ina hadde fine sko på.

og eg sussa.

og hadde tre prikkar på, som eg for det meste har no for tida.

han der fine sa “sjå, no bevegar himmelen seg så fort at ein kan sjå det!” og eg såg og det var heilt sant. noko anna som var sant er at i vindauget til høgre var ein mann i bar overkropp som sikkert ikkje hadde fått nabovarsel.

han der fine såg ut som ei løve og fekk kompliment fra ein som egentlig hatar dreads. kult.

peppermynteklubber til alle. og makronar! gjett om eg var i himmelen(sjølv om eg berre fekk ein før det plutselig var tomt). og omtrent da reiste me heim.

translation
last night was rather crazy with balloons and free alcohol at the opening party for monki here in oslo.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *