kjærleiksmåndag.


i går fekk eg blomar av ein fredrik som kom rekande på ei fjøl. nellikar er min favoritt.

då kunne me kasta dei andre som var blitt triste, men først rulla oss litt i dei på golvet.

fredrik hakka og eg steikte og vips!

nachos. herleg. me drakk musserande eplevin som var ny inne på polet.

fredrik fekk pyntehjelp av han der fine.

og janne kom!
2411209
og eg var ein katt, som eg ha vore mykje i det siste.

med fiskemunn. ser de fredrik i nasen min?

fredrik teikna i den kreative arbeidsboka mi.

og janne hadde klementiner i mojitosen sin.

før me gjekk ut laga fredrik blomsterkransar. så valsa me ut til parkteateret.

fredrik forklarte ein heil del, me drakk ein heil del øl og kvelden endte på trikkestoppen med to bøtter ben&jerry’s. herleg fantastisk måndagskveld. i dag tidlig våkna eg og måtte vera stille for å ikkje vekka to av mine favorittmenn. fint.

hadde de fine måndagar?

translation
my monday was this wonderful. to the edge of the world and back.

Leave a Reply to Anita Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *