laurdag.

2211192

i går våkna eg til ein hentelapp. eg sprang til posten og der fekk eg denne utlevert. romance av chris craymer, finaste fotoboka i verda omtrent. etterpå reiste eg på massiv julegåveshopping, men kan jo sjølvsagt ikkje visa så mykje av det.
2211187

plutseleg kom ei kusine flygande frå ingenstads på overraskelsespusøk og såg ut som ei røysky. knis.
2211188
klokka var berre halv fem, men sjå kor mørkt det var. me gjekk langs akerselva mot sentrum og eg fann ein hemmeleg veg som gjer at eg kan gå til skulen på eit kvarter, teite meg som har tatt trikken i fleire månadar. eg prøvde kjolar.
2211189
og denne fekk bli med meg heim. minnar meg om jul og litt om søttitalet.
2211190
den har fin sløyfe framme óg.
2211193
så gjekk me heim samme vegen som me kom og eg lassa eit par kilo klementiner oppi ei korg som eg kuppa meg på maritaputikken.
2211194
klart for minijuleverkstad!
2211191
og laurdagsgraut!
2211196
absolutt på tide å skifta til sløyfe(takk, maja. <3) fra fugl og gjera sminke om igjen. ein får lov til det på laurdagar.
2211195
me rusla ned igjen mot sentrum og til eldorado kino der dei viste the imaginarium of doctor parnassus, som var herregud!!! for ein fantasisk film. og lily cole! og måten dei hadde takla heile fire skuespelarar-éi rolle-situasjonen. eg var veldig positivt overraska(sjølv om eg hadde skyhøge forventningar), men óg ganske irritert på oslo internasjonale filmfestival for eit ganske lite profesjonelt opplegg. men! hello panda-kjeks redda kvelden som vanleg.

kva gjorde de i går?

translation
yesterday was a pretty packed day with christmas shopping, enjoying my cousin, and going to the movies to see the imaginarium of doctor parnassus.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *