fredagar

2111183
fredagskvelden starta med klesvask. eg likar ikkje sånne vaskerom, tykkjer dei er så uhyggelege og det ligg truser på golvet óg. (ikkje mine)
2111176
eg prøvde ut nytt hår.
2111174
det var som ein rull, på eit vis. skal perfeksjonerast til seinare bruk!
2111175
eg hadde framleis på meg tre prikkar.
2111177
han der fine laga pizza med rømmesaus istadenfor tomat. det er superherleg, burde kanskje legga ut oppskrifta på det ein dag.
2111179
og sara var visst der! han der fine er den treigaste til å laga mat, så ho var så svolten som ein bjørn når me fekk mat.
2111180
og bustetroll var der. <3
2111178
mums-mums! kesam blir til ein slags smuldrete konsistens når det blir varma opp, og det er merkeleg sjarmerande.
2111181
sara leikte litt med det nye rekvisitalageret mitt. også snakka me. masse. om foto og om folk og om nyheter og om masse. det er så deilig å snakka snakka snakka.
2111182
eg og han der fine sussa litt óg, i tilfelle de var i tvil.

no stikk eg ut på litt julegåveshopping, håpar de har det megafantastisk fint på ein laurdag som i dag, det skal i alle fall eg. sussar på nasane.

translation
friday night was washing clothes, new hair, boyfriend’s pizza, sara and kisses.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *