på ein tirsdag som i dag

bilde 2
♥ redigerar eg studiobilder frå i går
♥ tenkjer eg på at eg har dei finaste blogglesarane i heile verda, eg tenkjer at me er ein liten vennekrets som bur i ei hytte i skogen og berre seier og tenker fine ting om kvarandre, ingen konfliktar eller drama. akkurat i dag bakar me kanskje luciabollar eller teiknar teikningar av anatomiske hjarte.
♥ har eg ete åtte klementiner.
♥ vant eg den gyldne q.
♥ har eg sove i to timar etter skulen og visstnok vore vrang i halvsøvne.
♥ driv eg på med hemmelige prosjekt.
♥ får eg bruschetta og spaghetti til middag.
♥ har eg tenkt litt på kor fint det er å få pakkar i posten på denne tiden av året sjølv om pakkane ikkje er til meg men julegåver.
♥ har eg òg tenkt litt på at eg har veldig lyst på ein rosa mobiltelefon.
♥ har eg altfor altfor lyst på lakrisbåtar.

kva gjer du på ein tirsdag som i dag?

translation
on this tuesday, i am: ♥ editing studio photos, ♥ loving my blog readers, ♥ eating a lot of clementines, ♥ having spaghetti and bruschetta for dinner, ♥ doing secret christmas projects, ♥ craving licorice.

Leave a Reply to Emilie Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *