fine filmar frå sist veke

julie and julia.

(det finst ein bedre trailer på youtube, men den fekk eg ikkje lov til å legga inn her.) julie and julia er verkeleg ein fantastisk feelgood-film. eg såg den på mandag og vil sjå den ein gang til allereie.

city of ember.

city of ember er ein og ein halv time med ei fantastisk historie om born som heltar. og sjølv om den kanskje ikkje er like god som narnia eller harry potter syns eg den er fin. på ein onsdag, kanskje.

a christmas carol.

klassisk historie som alle sikkert har sett eller lest før, men eg syns faktisk disney har fått det til på ein ny måte. og eg elskar verkeleg jim carrey som sur gamal mann. (ps: kvifor blir det alltid han som er den som hatar jul? først grinchen og no scrooge.)

har de sett fine filmar i det siste?

translation
three lovely movies from last week: julie and julia, city of ember and a christmas carol.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *