sånne søndagar.

i går var ein sånn dag som starta heilt fantastisk dårlig med å vakna opp til oppvask. og oppvasken gjorde meg i dårlig humør før eg nesten hadde starta. omtrent klokka sju var eg ferdig med å gå i nattkjole og å bytta på å surmula og sova. han der fine lagde middag og eg dekka på.
1611131
mums. på dårlige søndagar får ein òg ha på seg pyntekjolar.
1611132
denne kjøpte eg til beyond retro-festen i oktober. den er ikkje så veldig meg, men den er fin. i dag skal eg fotografera i studio og glerudar meg veldig.

ps: stem stem stem! det er finale i den gylne q, og eg kunne trengt at alle trufaste lesarar gjekk inn for å stemma. om de legg igjen kommentar der de begrunnar kvifor eg skal vinna er det dobbeltstemme.

translation
yesterday was quite the lousy day until seven. he made me dinner and we watched csi in fancy clothes.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *