kjære jul.

i år ønskar eg at dette skal ligga under glitter og stas(lista er ikkje bygd opp i prioriteringsrekkefølge).

bilde 6bilde 2bilde 3
mummikoppar. i prioriteringsrekkefølge. eg har sakna mummi i år, merkar eg.

il430xn101384855
varmluftsballongar. alt som har med varmluftsballongar å gjera. om du finn ein kjole med varmluftsballongar vil eg elska deg frå no av og til evig tid amen. men helst smykke óg, og juletrepynt.

il430xn89076533
ringar som ein kan putta bilete inni. tenk så fint, å gå rundt med eit bilete frå ein fotoboks på fingeren. det ville nok gjort meg glad til og med på ein torsdag med influensa.

timwalkeratdesignmuseumpicturesbookco
tim walker-boka. denne har eg ønska meg altfor lenge. om det nokon gong blir satt i gang leiteaksjon etter meg treng de ikkje helikopter. de berre reiser på ark i karl johan, eg sit heilt innerst der med denne boka i fanget. blar og kjenner på kvar enkelt skisse, skissar litt i mi eiga bok.

love box1750
love box. dette er det finaste. som produktskildring står det “everything you need to write a love letter in a wooden box”. fint vel? her.

untitled13
fujifilm instant mini. fujifilm sitt polaroid-kamera har eg ønska meg så lenge så lenge, ein kan kjøpa film med til dømes disney-prinsessene på som ramme.

dexters2uglybettys1wonderfalls
tv på dvd. i prioriteringsrekkefølge. wonderfalls trur eg faktisk at de vil lika, altså. som eit lite tips.

35mmfilm
35mm-film. i alle fargar og formar og iso og alt.

kva står på di ønskeliste til jul i år?

ps: takk for alle dei fine kommentarane i går, det inspirerar og motiverar og eg fekk augene opp for nokre veldig pene menn og kjem muligens til å laga ei ny liste ein dag altså. suss.

translation
this is what i want for christmas: moomin cups, everything with hot air balloons on them, rings to put pictures in, tim walker’s book, fujifilm’s polaroid camera, tv on dvd(dexter, ugly betty and wonderfalls) and every kind of 35mm film.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *