om matfilosofi

det er så mange som skriver at dei håpar dei klarar å laga så god og kreativ mat som meg og han der fine, men i realiteten er me ikkje så veldig kreative likevel. me har ein del grunnoppskrifter som me varierar veldig fram og tilbake for å perfeksjonera og eksperimentera, men som regel er me svoltne og vil berre ha mat som resten av oss. av og til prøver me ut nye ting óg. ofte går det ikkje bra heller, berre så de veit(eg har arva min eksperimentelle matkultur fra min pappa som faktisk ved eit tilfelle, for mange år sidan heldigvis, steikte sopp i skogsbæryoghurt – ikkje spør). eg blir veldig inspirert av mat og av å lesa kokebøker, men det er ein ting som er viktigast av alt – ikkje ver redd.

ikkje ver redd for å ikkje lykkast. sjølv om pannekakene ser ut som eggerøre smakar dei likevel pannekaker, og da har ein i alle fall lært kva ein ikkje skal gjera. og dei fleste har vel fått boka frå bollar til burritos i niende klasse? den virkar ganske teit, men den er faktisk ganske bra. der kan du sjå korleis du lagar kjempegod mat og veldig enkelt. til dømes berre å kunna laga kvit saus til fiskebollar eller å laga gode rundstykke på ein søndag. mat handlar for dei fleste ikkje om å vera ambisiøs(sjølv om det er kult å vera det av og til óg), det handlar om å ha det moro! om å finna fram til nye kombinasjonar og smakar og krydder!

så bak bollar i dag og fortel meg korleis dei smakte. mine har alltid kardemommeoverdose. suss.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *