om kvardagskjærleik

eg søv og våknar av ein lukkar på eit kamera som bråkar, han fotograferer meg medan eg søv igjen. eg teller føflekkar på ryggen når eg ikkje får sova. førtisju kom eg til, men det var sikkert fleire, han flyttar på seg og eg kjem heilt ut av det. prøver å tella dreads, det blir berre tull. teller år. fem.

(mange spør meg korleis det er med kjærleiken etter å ha flytta i lag, og eg forstår at ein kan vera nysjerrige på det, ein må jo lura på korleis kvardagen faktisk er, om ikkje alt har endra seg, om ikkje me kranglar forferdelig mykje?) ingenting har forandra seg, overraskande nok, for til og med eg skulle trudd det. me er til og med meir harmoniske no enn me var då me ikkje budde ilag. for meg handlar kvardagskjærleik mykje om å berre kunne vera i kvarandre sitt selskap. me jobbar på kvar vår pult, og sånn ein gang i halvtimen blir ein av oss akutt kosesjuk så da sussar me litt også er det tilbake til jobbingen igjen.

rytmen i dagane går som dei alltid har gjort, me våknar, sussar litt, han reiser på skulen, eg sullar rundt og reiser etter kvart på skulen óg, eg kjem heim først og ryddar i fem minutt, han kjem heim, me lagar middag, me ser middag medan me ser ein fin tv-serie(folk trur at par som ser tv under middagen er ulykkelige, men det er berre ei myte), kanskje csi eller dexter eller pushing daisies, vaskar opp, så reiser han for å øva piano eller på eit møte og eg blir sittande med bloggarbeid og mailskriving eller skissing til fotografering(for eg teiknar no, har eg gløymt å seia det?). så kjem han heim igjen, me lagar ei kanne med te og ser kanskje ein film eller snakkar om prosjekt eller ting som folk snakkar om, framtida og musikken og kunsten, om nyheter og folk rundt oss. så legg me oss(av og til, om eg er for trøtt, pussar han tennene mine i senga og det er det raraste og søtaste som fins), me sovnar som oftast i skjei eller i ein halv klem og så søv me. av og til våknar me klokka fire om natta også nasenussar me og kniser fordi me søv men er litt våkne likevel.

og sånn går dagane, det er ingenting ekstraordinært med det, for det er berre kvardag, og det er sånn det skal vera. men av og til kjøper han billettar til den nye disney&pixar-filmen og kjøper sherbet fountain fordi det er min favoritt, eller eg tar han med på haustplukking og for å hilsa på endene. kanskje reiser me ut berre for å eta dessert eller smoothie på daqota, sitta i flysetene og tenka at me er så heldige så heldige. alt i alt er det sussane og klemmane innimellom som gjer det så spektakulært å leva. det tykkjer eg i alle fall. og i helgene kan ein sova lenge.

kva tenker de om kvardagskjærleik?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *