oktober november

i dag er det november, tenk det. ein merkar det, hovudstaden er tung og tåkete og vil krangla med alle. oktober flaug berre forbi. no er det november og denne veka skal det liksom snø. snart er alle trea bare og ein kan lukta frosten når ein vaknar(men golvet er ikkje kaldt, ikkje no lenger). ein må kle på seg yttertøy og fornuftige sko og tulla seg inn så ein ikkje får for mykje snø i håret og i sløyfene. snart er hausten min over, min første storbyhaust. oktober har vore vidunderleg med latter og kyss og sakn og raudvin og utforsking og nye venner og makronar. tenk så fint at november blir enda bedre, for november betyr

mykje fint og nytt på grunn av bloggen.
å endeleg kunna ha litt ekstra pengar til å spara.
at eg og han der fine blir fem år og skal ha heidundrandes fest.
at me kjem til å vera dødsforelska i vekesvis på grunn av ovennevnte.
at eg skal reisa med eit tog opp til trøndelag for å pusøke mormor.
planlegging av utenlandsreiser på nyåret.
fleire tv-middagar med fine jenter.
utforsking i delar av byen eg aldri har vore før.
masse analog fotografering.
strikking.
lange kveldar på skulen.
lange kveldar i bøker og filmar og dexter og big love.
å lukta snøen for fyrste gong i oslo og den knirkelyden under skoa.
å begynna på julekalendarane mine.

kva skal de i november?

translation
my november plans include analogue photogaphy, being very much in love and celebrating our five years together, exploring this new city of mine, knitting, smelling the snow for the first time in oslo, planning trips i’m taking next year and looking forward to christmas. what about yours?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *