heihei.

eg tenkte, sidan eg har fått så mange nye lesarar i det siste, at eg skulle ta ein liten introduksjon på nytt! så hei!
saturday. again.
eg heiter mariell. eg er nitten år og kjem fra sogn og fjordane(og tykkjer det er kjempemorsomt korleis folk frå austlandet faktisk seier “sogn og fjordane”), nærare bestemt øvre årdal som er ein pytteliten plass heilt innerst i fjorden. der bur min mamma, som er bedriftsøkonom, og min pappa, som er mekaniker, og ei søster med bambiauge som er så fin så fin.

analogue
eg elskar å hoppa i sølepyttar, peppermyntete med masse sukker, muffinstruser, kaniner, origami, tulipanar, alt som smakar kokos, tim walker, paris, ting som er lilla og å dusja i kaldt vatn. eg leser bøker om kjærleik og likar det best når pastaen er kokt litt for lenge. eg likar best påske av alle høgtider, for da skal ein berre lesa bøker og ha det fint.  eg har ingen bukser men mange kjolar og mange sløyfer i håret. av pai likar eg best eple og fersken, og om noko luktar fersken er det greit for meg. eg vil heller vera pirat enn ninja, men vil heller vera ei marihøne på karnival. eg tar på meg mascara med munnen igjen. eg må reisa ut av landet for å ikkje bli tullete i hovudet. og difor handlar jo bloggen min mykje om det, nemlig.

fjorten. fant han der fine, som eigentleg heiter jostein og berre er tretten dagar eldre enn meg. han snakkar gudbrandsdøl sjølv om han har vakse opp i sogn og har lange dreads sjølv om bror hass ikkje har hår i det heile. han er eit lite geni og spelar piano. av og til får eg bestemma kva han skal spela og da får eg ligga i fanget. han studerar musikkvitenskap og teiknar store kart på gråpapir på golvet. sånn utanom å sussa og å laga mat samlar me på hausten ilag, eg og han. om eg er sjuk leser han eventyr høgt og synger barnesangar til eg sovnar og han kan kaninkyssa og fuglekyssa og hestekyssa og ja. de skjønnar. og når han reiser vekk lagar han kalender til meg med ein lapp kvar dag og han gøymer ting i leiligheten som eg skal finna. i går var det eit kaleidoskop!

analog

seksten. flytta til sandane for å gå media og kommunikasjon på firda vidaregåande skule. der budde eg med fredrik(+ tusen maur) og hadde fabelaktige søndagsfestar i hagen, og rulla i graset for me lo så mykje og så høgt at husverten vakna. eg lærte meg å elska raudvin og pesto, og om vinteren var det så kaldt at ein måtte gå rundt med dyneuniform og det gjekk ikkje an å gjera noko anna enn å sjå disney-filmar på vhs. me bygde fort av stolar og tepper i stova og vinterfestane endte alltid opp på kjøkenet. eg starta denne bloggen midt i mellom alt det andre, også gjekk eg på skulen, da.

thursday nightanother saturday in my new black bowmy birthday!friday in the backyardmy birthday!my birthday!
new dress

nitten. flytta til oslo. no bur me i tolvte etasje, eg og han der fine. her har me kjolar på veggane, og om me vil høyra elva kan me berre åpna vindauget.  her studerar eg foto og han musikk og saman er me som ein fin kunstnarkoloni med globusar og bestemordokker og rutedukar. om helgene drikker me cava på sekstitalskjøken og ler i framande senger. av og til reiser me for å eta fine kaker fordi det gjer ein så glad. og på dagane lagar me pasta, kosar på sofaen og teiknar hjarte i håndflatene til kvarandre(og om berre ei veke er me fem år, eg og han, tenk det). og sånn kjem det nok til å vera ei stund.
oslosunday partysunday partysaturday. again.a sunday in octoberfriday alone

nokre fine nye som lurer på noko om meg eller det eg gjer? spør spør spør. suss!

translation
an introduction about me for all my new readers! try using the google translator, although i’m not sure how much it will help.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *