dikt

som de veit har eg skrive ein del dikt i mi tid. her får de litt snacks på ein tysdagskveld medan eg er barnevakt for massive attack-foreldre og redigerar bilder. dei er ganske umodne, nokre av dei, men dei kan vera fine likevel.
seks små dikt. til deg.

jfk
dagar brenn&skjelv
medan dei veks og gjev seg sjølv ryggen
det rører ein

han ristar meg, snurrar
, gjev snille auge til ulvane i skapet som dreg i huda mi

i dei vage og kvilelause augo hennar
er ho på veg til å bli lei
; slik nokon blomar berre blømar om våren,
blømde me(allereie) i vinter

langdistansesymjar
kjærleiksbrev frå langdistanse, hav forbi,
gjer ikkje einsemda(/deg) mindre
til-sta-de-ve-ran-de
trøytte auge lengtar etter søvn&
at døra skal opna seg

kvar ei rørsle var skapt tusen gonger før meg. bølgja slår tilbake, re-pe-ti-sjon.

dei tomme sengene svelger oss til me ikkje lenger er i kroppane våre,

kanskje sanninga vil halde meg varm i natt

:
nullsju:førtiseks
fingrar frosne
til stiv form

“heime” er kaldare no
kjem fersk frå krig
alle er dei vekk,
dei andre

vandra over dørstokken
ventar på ein heimkomst

spenn augene opne
held pusten

porselen
augevipper sprer seg som ei
voluminøs vifte
å kle av såret helar det ikkje

ingen magi eller superkrefter
berre vissheita om at det er der
pustande, levande held deg klår

slitt hår dannar skuggar på
den beinlause ryggen hennar;
lange, skinande, svarte lokkar
som skjelv livredd i auget

skin det?
har hendene fanga sanninga i porselen?

ho sit ovanfor meg i ei
bohemsk glorie, røykar beina
hass og drikk lukta av han frå
ei gyllen flaske

inhalerar gift
(pal-pi-ta-sjon)

stemma hennar er stifta inn
i evig uvissheit der ho dansar

fanga i håp.

jubileum
(sein natt)
ein framand fraktar oss
eg strekkjer halsen rundt
svingen
vil vera den fyrste som ser

(det var ei natt mellom)
drar fingrane gjennom

stormen
(høyrer ikkje)
spring gjennom regnet
hand-i-hand

saman er vi ei
sareptas krukke
fylt til randen av kjærleik

?
stemmer i natta
kviskrar orda som
dagen ikkje tåler

& medan bølgjene legg
skuggeslør
over dagen
& taktfast kastar
tankane sine mot land

vendar eg andletet
mot deg

kan hud vera så mjuk?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *