om skulen min og om å studera foto

det er så himla mange som lurer på korleis det er på skulen, korleis klassen er og kva eg egentlig driver på med. her kjem ei kjapp innføring: eg går eit toårig studieløp på kunst-og designfagskulen(kd-skolen), som er ei grein i folkeuniversitetet øst. eg valgte kd-skolen fordi dei har eit fokus på den enkelte eleven si læring(for på tidspunktet då eg dreiv med søknadar var eg livredd for å berre bli ein del av ein klasse og mista meg sjølv litt).

klassen min er veldig vanskelig å skildra med få ord. me er tretten elevar(eg er yngst, det er typ tjuefem år mellom meg og eldstemann), to menn og elleve kvinner. to likar lakris, ei likar surt og mange likar sjokolade. det fine er at me er så himla forskjellige og slik sett alltid kan læra ting av kvarandre(ein fotograf treng jo å vita litt om alt). nokre elskar landskapsbilder, andre vil berre ta portrett, nokre elskar mørkerom og andre hatar det. egentlig som alle andre klassar.

om du tenker på å studera foto i oslo vil eg veldig varmt anbefala å leita masse før du bestemmer deg for kva skule du skal gå på. oslo fotokunstskule har berre analogt det heile første året, bilder nordic har kun digitalt over heile løpet, skulen min har begge deler. skulane er veldig forskjellige, så les om alle enkeltvis. sjå litt på lærarane, tenk på kven du vil læra av, gjer research! sjå til dømes her, og prøv å snakka med elevar frå ulike skular, det er ikkje så vanskelig å finna. send meg gjerne mail om det er noko de lurer på om kd-skulen, så skal eg svara så godt eg kan.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *