brothers bloom

i går fekk eg endeleg sett den nye adrien brody-filmen, brothers bloom. den handlar om bloom og stephen, to brødre som heile livet har levd av å lura folk. bedragarar, altså.
2009thebrothersbloom007
bloom(brody) vil ikkje meir, for det er stephen som køyrer heile greia, så han blir med på å gjera eit siste stikk, mot ei rikmannsdatter i new jersey.
2009thebrothersbloom006
penelope(spelt av rachel weisz), er kjemperik og køyrer lamborghini. ho har óg epilepsi og har heile livet trudd at ho var allergisk mot alt, noko ho ikkje var, men ho har vore heile livet innanfor det enorme huset til foreldra. der har ho lært seg alt ho ville, som til dømes å spela banjo og å laga kamera av vassmelonar. (ho er så fin) også har ho søte klede.
2009thebrothersbloom015
dette er bang bang. ho er fra tokyo og seier berre tre ord. “fuck”, “me” og “campari”. ho er så himla kul.
2009thebrothersbloom002
det heile blir litt innvikla når penelope plutseleg har kjempelyst til å bli svindlar, ho òg, men det ordnar seg altså. lovar.

himla fin film. sjå den, de óg.

translation
i watched the brothers bloom yesterday, and i loved it.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *