fine sekund med folk ein ikkje kjenner.

♥ når ein går på ei gate rett mot nokon og plutseleg smiler dei så stort dei berre kan og da veit du at rett bak deg kjem nokon dei er kjempeglad i og har sakna.

♥ når du står på biblioteket og ei gamal dame ved sidan av deg leitar i L og snor dei rynkete hendene sine rundt ei erlend loe-bok og eg ser for meg at ho ler høgt for seg sjølv med føttene på bordet.

♥ når du møter blikket til ei sløyfejente på trikken og du skjønnar at ho smiler fordi ho veit kven du er.

♥ når trikkeføraren seier “ha ein fin dag”.

♥ når du smiler fordi du ser ei jente med så krøllete hår at det er heilt sinnsjukt og ser opp og innser at det er minst tre andre som smiler på grunn av det samme.

♥ når du står på loppemarknad og graver gjennom hordar med bøker og det er ei anna der med armane fulle av bøker du kunne tenkt deg og du tenker at du hatar ho berre litt, og plutseleg rekker ho deg ei bok og seier “denne kjem du til å lika!”

♥ når du står i køen på putikken og ser på kva han framfor deg har i korga og du skjønnar, kanskje ein av ingrediensane skriker det ut, at han skal overraska kjæresten sin med ein romantisk middag.


kjem de på fleire?

translation
lovely seconds with people i don’t know.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *