om å ta nummer tretten til brugata.

bilde 1
kjelde

kvar morgon skyndtar eg meg så mykje eg kan for å gå ut døra akkuratt null ni trettifem, akkurat presis rekna ut for å nå trikken eg skal(førtiein). kvar kjem eg nøyaktig eit minutt for seint(det er alltid nokon som skal stoppa heisen i sjuande etasje), ser den køyra forbi meg utan ork til å springa. ventar på førtifire istaden, tretten-trikken utan trapper. det gir meg to minutt til å stå på trikkestoppet, observera mine felles trikkereisande og komma inn i modus. vel inne på trikken tenker eg at me er ei gruppe, alle saman. at me skal til same plass, at trikken køyrer rundt for å henta alle og til slutt reiser me på jobb saman eller kanskje på ferie, kanskje me skal på kino, eg veit ikkje. latar som me pratar ilag om det siste halve døgnet sidan me såg kvarandre sist, om middagar og barnehageplassar og ja herregud no har melka blitt ei krone dyrare igjen. eg ser dei for meg som familiemedlem og medarbeidarar, ho med høg musikk er kantinearbeider men ho malar vidunderlege portrett av ryggar og hender, dei to som sit der og ikkje ser på kvarandre elskar kvarandre eigentleg og veit det godt(dei har piknik under pultane kvar fredag, med whiskey i kakaoen). han med krøllehåret(som ein stor mikrofon) har vorte sjuk men har ikkje sagt det til nokon enda, han planlegg å reisa i varmluftsballong og busetta seg på eit fjell. det er fint å kunne skapa mellomenneskelige forhold som ikkje eksisterar. seks minutt luksus midt i veka, om du vil.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *