pasta carbonara på eintotre

(eg tåler som kjent ikkje fløyte, og det er litt trist i og med at han der fine elskar pasta carbonara. her er ein fløytelaus(og sunnare) versjon for to personar:)

asftitled1
♥ tagliatelle, typ 250 gram
♥ to egg
♥ to dl h-mjølk
♥ (sopp)
♥ (bacon)

asfsf
pasta carbonara
♥ kok pasta og steik bacon og sopp. om du ikkje et kjøt kan du bruka sopp, om du ikkje likar sopp kan du bruka kjøt, eller du kan bruka begge deler(det er best).
♥ sil av pastaen og sett den på svak varme.
♥ knekk dei to egga og del dei, du skal berre bruka eggegulene. (eggekvitene kan du spara til ein omelett til kveldsmat!)
pasta carbonara
♥ tøm melka og eggegulene opp i pastaen. rør kontinuerlig. (må røre ganske lenge). helst rør med noko som ikkje kuttar opp pastaen(for det gjorde eg nemlig, og det er ikkje like fint). medan du rører kan du tilsetta salt og pepper. du skal røra i pastaen heilt til egga og melka dannar små klumpar på pastaen og lagar typisk carbonara-konsistens.
pasta carbonara
♥ legg på eit fint fat…
pasta carbonara
♥ … og ein to tre et deg altfor mett! vel bekomme.


translation
my healthier recipe for pasta carbonara!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *