på denne plassen

det er rart å vera her no, kjenner eg. på denne plassen. for nitten år sidan budde eg med min mamma og pappa i ein liten blokkleilighet med veranda. eg hadde fisher price-kassettspelar og var kaptein sabeltann-fantast. eg var bestevenn med gutane over gangen og leikte med bilar under etasjesenger. for seksten år sidan fekk eg ei pyttelita søster, ho var så liten så liten og eg ville bygga rede rundt ho og berre stryka på ho heile dagen. eg låste mamma ute av leiligheten for å kunna vera aleine med ho i nokre minutt. eit par år seinare var me piratar på skip i senger og laga laptopar av stolar og bord. me las tegneseriar i skapet og åt nonstop me fann under sofaen. på denne plassen tok eg mine første skritt, sa mine første ord, vart forelska for første gang, fekk mitt første kyss, fekk hjartet knust for første gong av han som kan alle hovudstadane i heile verda. på denne plassen har eg hatt det så uendeleg fantastisk og så knusande vondt. på denne plassen bur familien min men óg dei som eg ikkje klarar å sjå i augene. det er ein plass med motsetnadar og paradoks. det er rart å tenka på at det var her alt begynte, at det var her eg begynte. at alle meter med asfalt bærer min historie på eit eller anna vis. det er vegar eg har gått på tusen gongar, vegar der eg har høyrt dei same songane med fleire års mellomrom. her har eg vore så forelska at eg ikkje har sove og så rasande at eg har avtapetsert heile soverommet mitt. så glad at eg har kasta opp og så sint at eg har knust tallerkar. så lykkelig at eg ikkje klarte å snakka og så deprimert at eg kunne sova i fleire dagar. eg veit ikkje heilt kva eg prøver å seie, berre at det er rart. kor stor betydning denne plassen har hatt for meg og min historie, kor annleis eg hadde vore om eg ikkje hadde budd akkurat her. søndagar er dagar for grubleri og mimring. kva tenker du på i dag?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *