i denne byen

oslo

akkurat no, i denne byen, er det nokon som nettopp har våkna, nokon som akkurat har sovna, nokon som aldri la seg. nokon som gjer morgonbøn, nokon som kokar kaffi til seg sjølv. andre lagar frukost til heile familien. i denne byen akkurat no, er det nokon som har sagt hadet til nokon dei elskar for siste gong, andre har nettopp innsett at dei elskar og snur i døra for å sei det og smila litt til. det er nokon som elskar, nokon som kastar blomsterpotter i veggen. nokon som tar sitt siste andedrag og nokon som nettopp har gjort sin inntreden. nokon som griner så hardt at dei trur dei skal slutta å pusta, at hjartet skal slutta å slå, nokon som ler så hardt at dei får vondt i magen. ingen veit kva som skjuler seg bak portdører og franske balkongar, berre at bak dei er det nokon som lever eit liv heilt annleis enn sitt eige.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *