om avgjerande sekund i eit liv

skin

natt til niande november totusenogfire:
eg leser ei bok. er ikkje sikker på kva bok det er, er ikkje nøye heller, eg fekk sikkert aldri lest ho ferdig, sikkert ei dårleg bok. eg har hatt den verste dagen i mitt liv så langt og ventar på at han skal ringa, han som eg så langt har måtta holda heilt for meg sjølv. han som spelar piano til meg i timevis på natta og får så himla store telefonrekningar. eg som sniker meg inn på mamma og pappa sitt soverom kvar natt for å stjela telefonen til pappa. såvidt innanfor dørstokken, strekker kroppen min så lang den berre er og smyger den stille av nattbordet.

han ringer og eg forteller om dagen min, om korleis dei såg på meg og korleis eg følte meg og korleis eg berre vil forsvinna, føla at eg er som ei bølge i eit hav, det største havet, kva heiter det no igjen? stillehavet, seier han. han snakkar om tolkien, han bør eg lesa, eg tenker blablabla slutt å snakk om bøker versåsnill. me snakkar om foreldre og religion og døden. og plutseleg seier han berre “er me saman no?” og eg seier “eg trur det”. (sånn gikk det til, altså. eg sa ja på ein augneblink og eit par månadar seinare var eg hekta for resten av livet på den lukta av han når han kyssar og korleis haka mi passa perfekt i halsgropa hans. berre sånne små ting får sprettballar til å spretta, de veit.)

skin

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *