fruktvin og leopardkjærleik.

i går skjedde noko heilt fantastisk. lykka kom heim i form av christine og ingvild. eg skulle tatt bilete av dei på oslo s, men eg var for opptatt av å hyla. eg tok dei med meg heim, eg.
lykke.
fine ingvild.
lykke.
me åt enchiladas med guacamole og kesam og det var himmelen.
120909372
vintips! denne vinen er laga på jordbær og hylleblomst istadenfor druer og den er så himla god!
lykke.
og snop.
lykke.
og epler. på piknik på golvet.
lykke.
fine christine.
lykke.
me snakka om dei gamle dagar på vidaregåande og korleis livet vart litt annleis enn me hadde trudd, og kor rart det er at eg er sambuar og kor søt han i kassa på rematusen er. og me lurte i christine snop, for ho skal egentlig ikkje ete det, men ho åt (skum)bananer og (sure)kirsebær og (gummi)krokodillekjøtt og (sprengt)fersken.
lykke.
så tok me med oss vinen ut på taket ei stund.
lykke.
månen var der.
lykke.
og christine som ein leopard. i dag kjem det meir fantastiske folk og det skal skje så masse fint. eg er på toppen av lukka, berre så de veit.

kva skal de på ein laurdag som i dag?


translation
yesterday my friends from far away came here on a train and my heart is very happy at the moment.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *