reprise: om mitt første kyss

når eg var yngre budde familien min framme i ein dal, ganske avsperra fra resten av sivilisasjonen. ungane i nabolaget pleidde å finna på ganske mykje morsomt, me bygde utallige trehytter og leikte gøymsel i skogen og i fjellet(for sånn bur eg, nemleg). også hadde det seg sånn at eg var litt… småforelska. i ein gutt. sjølvsagt var det den samme guten som alle jentene på min alder i nabolaget var forelska i, men det var liksom ikkje nøye når ein var 12 år for heile verda var di og ingenting vondt kunne skje.

ein dag berre ringte det på døra. og det var han. og han tok meg i hånda og eg berre fulgte etter han for han tok meg i hånda. han tok meg i hånda. flodhestar i magen. øverst i nabolaget budde det ei veldig gammel dame. ho var pensjonert misjonær og laga dei beste lappane i heile verda. ho hadde eit uthus der me pleidde å leika. me innreda det til og med, med alt me kunne finna heime som ikkje ville bli sakna med det første. han geleida meg inn i uthuset. eg, litt usikker, satte meg på enden av senga. han satt seg ved sidan av meg. så datt me liksom bakover samtidig. fnising, hugsar eg. også spurte han kan eg få eit kyss? og eg sa nehehehehei. det kan du minnsann ikkje, berregløymdetkompis.
31140249681f9a89b416

men så la han hovudet mot mitt som hestar gjer og liksom strauk mitt hovud med sitt hovud før han la seg til med trutmunn og det eine auget ope(for ein skal jo eigentleg ha augene att som på film, de veit). så sussa eg han. midt på munnen. og det var det raraste eg nokon gong hadde gjort, for kven skulle vel tru at det gjekk an å sussa ein gut sånn heilt utan vidare på ein torsdags ettermiddag. så låg me berre der og såg i taket ei stund, hugsar eg, før me sussa ein gong til. så gjekk me heim til han for å eta lollipop og sjå ricki lake. for det var jo det me pleidde å gjera.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *