laurdagsskattar

i dag har eg vore på loppemarknad med ina! me var på heile tre og fann mykje fint småtteri(men ingen lampe). her er litt av skattane frå i dag:
Bilde 1
eg elskar alt sånt ein ikkje veit kva er før ein opnar det.
Bilde 6 16-50-03
dette var eit sysett! og eit søtt eit óg.
Bilde 5
eg fekk kjøpt ei veldig fin ramme.
Bilde 2
fine russiske babushkadokker.
Bilde 1
eg fann eit pingvinkamera og måtte jo berre kjøpa det, for det var akkurat eit slikt som var mitt aller første kamera. nostalgi.
Bilde 2
og eit leica! for fem kroner.
Bilde 3
ei ny fin lommebok óg!i tillegg eit kaleidoskop, eit skjørt og ei pakke med pusekattblyantar. det har vore ein suksessrik dag med loppemarknader, og eg har ikkje brukt meir enn hundre kroner! veldig fint.

translation
i went to three flea markets today, and these are some of my findings!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *