polkabollar

200809202
i dag vil eg gjerne at de skal laga sånne polkabollar. til tretti bollar trenger du:
125g smør, 1.5dl sukker, 2tsk vaniljesukker, 0.5dl kakao, 1 eggegule, 1msk kald kaffi, 4dl havregryn. + strøssel(& sjokolade om ein vil). alle ingrediensar utanom havregryn blandast godt i ein bolle. tilsett havregryn. rull til bollar og rull i strøssel. om du vil ha sjokolade på, er det kult å laga dei pyttelitt større også dyppa dei i sjokolade før ein rullar dei i strøssel. til ein vanlig dag(til dømes om du skal på kino med kjæresten din), kan du dela oppskrifta i akkurat kor mange bollar du vil ha. mine bollar hadde kanel inni seg og peppermyntestrøssel utapå så dei smaka litt mint. mums!

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *