fine funn

i dag har eg funne flotte saker på flotte plassar.
220809224
ei fin skål som er heilt lik slike som han der fine sin familie har, så eg tenkte han ville bli glad. og to kaleidoskop som har vore i fretex-vindauga her på grünerløkka lenge men ikkje vore til salgs før i dag. så dit marsjerte eg klokka halv elleve for å endeleg kjøpa dei. det eine med hans og grete, det andre med fiskar. sjå så fint:
220809222
220809223
heile markveien er marknad i dag, og då eg såg globusen visste eg at eg måtte kjøpa han, for eg har leitt etter ein sånn så lenge. eg er veldig pirkete, så den skulle vera i perfekt stand med sovjetunionen på.
220809225
og det var det jo! den lyser óg, så det blir fint med jordklodeleselampe altså. etter eg kom heim fekk eg massiv tannpine(eg har nemlig tannbyll som kjem tilbake gang på gang) og måtte legga meg. i kveld har eg avlyst alt av avtalar. tomatsuppe, bøker, tv og smertestillande. det høyrest fortryllande ut, gjer det ikkje?

ha vidunderlege laurdagskveldar!

translation
these are my treasures for today: one rose painted bowl, two kaleidoscopes and a vintage globe with the soviet union on it. just perfect! i have a tooth ache this evening, so i’m spending it alone with soup and pain killers.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *