appelsinsconespiken

i går morgon vart eg forelska. i appelsinscones. og då tenkte eg at om dette skal halde fram, dette nye forholdet, så måtte eg rett og slett læra meg å laga det sjølv. det er megaenkelt, og det einaste ein trenger som ein kanskje ikkje har er appelsiner. alt anna har ein som regel heime frå før. du trenger: 225g mel, 3ss sukker, 1ss finrive appelsinskal, 1ts bakepulver, ¼ ts kanel, 100g kaldt smør, 3ss fersk appelsinsaft, 2ss melk.
130809143
du tar på deg ein fin kjole eller ei tversoversløyfe og blandar mel +  sukker + appelsinskal + bakepulver + kanel i ein bolle. så skjærer du smøret i små terningar og smuldrar det i det tørre. så tilsetter du appelsinsaft og mjølk og blandar alt saman fort, så det blir sånn
130809140
så kan du rulla det til ei pølse, skjæra den i fire bitar, rulla bitane til bollar, pressa dei flate, snitta dei i toppen så dei blir fire trekantar og sette dei i ovnen på 225 grader i 12 minutt.
130809142
og vips! magisk gode appelsinscones på under ein halvtime. me hadde heimelaga iskaffi til, men mjølk er óg heilt fantastisk.

ps: er ikkje den nye duken fin?

translation
my recipe for orange scones, mail me for it if you please!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *