når eg blir pensjonist

bilde 1
når eg blir pensjonist skal eg bu i eit litt forlatt hus i ein skog med ein sti til, og rundt heile huset finst det markjordbær og ananastre.

37525137379b5dfd6f83
hagen går ut i ei elv med ender som alltid får scones til middag.

3738220047def7fd03b4
når eg blir pensjonist skal eg hekla peter pan-kragar til barnebarna mine.

bilde 5
når eg blir pensjonist skal eg læra barnebarna mine å fanga regnbogar.

37538102702f4ae821d7
når eg blir pensjonist skal eg aldri slutta å leika.

35510883370abb79b52c
når eg blir pensjonist skal eg laga masse mat som smeltar på tunga.

25606860970467e4d1ce
når eg blir pensjonist skal eg skriva brev til einsame gamle damer i ungarn og fortelja eventyr om nattbading og mentolsigarettar og gutar som aldri vart menn.

1714763036042606b71
når eg blir pensjonist skal eg læra å føra varmluftsballongar.

3195761162f8b979ce6b
når eg blir pensjonist skal eg få meg ein megakikkert og læra meg kva alle fuglane heiter.

267517747934578ef2be
når eg blir pensjonist skal eg køyra tandemsykkel med han der fine.

175539371f277009711
når eg blir pensjonist skal eg få meg ein tjukk katt som må gå med slips.

3018839007a15455fe64
når eg blir pensjonist skal eg ligga i badekaret i timevis og fryda meg over at eg eigentleg har mindre rynker enn akkurat etter eg har stått opp.

translation
this is what retirement will look like for me!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *