mine fyrste dagar i oslo

090809105
eg og pappa reiste heimefrå klokka åtte på laurdag. i kinamatpausen opna eg dagbladet og fann dette. ein beibichihuahua med hjarte i pelsen. fantastisk. skjønnar ikkje kvifor ikkje alle hundar kan ha det.
090809106
heile dagen forsvant før eg fekk fotografert den, me flytta liva våre opp i tolvte etasje. så ikea. så mat. så sove. me sovnar til lyden av akerselva. eg kan sjå ned på balkongar til folk frå takterrassen.
090809107
på søndag var eg så himla trøtt. og når pappa køyrte vekk i den store kvite bilen var det vanskelig å pusta plutseleg. meg. i oslo. oida, mariell. men så fekk eg kos på ryggen og i håret av han der fine. og eg vart litt trygg igjen.
090809109
090809110
090809111
såå trøtte. men såå glade.  og sløyfa mi var visst eit hundeøyre.
090809113
090809114
me reiste først på frøken dianas salonger, og eg fann ein kjole som fekk meg til å føla meg som ei dokke. men eg fekk ikkje lov å kjøpa den. altfor dyr. me traska nedover markveien på veg mot trikken og jammen fekk eg ikkje kjøpt to kjolar i går, for tohundreogtjuefem kroner til saman. fint vel? fint.
090809115
han der fine elskar ingefær og hylte når me fann ingefærgodteri for fem kroner boksen. lykke. me pusøkte finaste charlotte på majorstua, men kameraet mitt svikta. ho er så fin som sukkerspinn.

no har eg endeleg klart å setta opp internettet og er i litt lykkerus på grunn av det, men no må eg ut på tusen ærend også kjem eira i kveld også kos kos kos. de får snart sjå bilder av leiligheten, men me er ikkje ferdige med å flytta inn enda. så berre ver tålmodige, finingar. kva har de gjort sidan sist?

translation
my first days in oslo!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *