quiet

i går kveld, medan eg venta på han der fine, laga eg blåbærmuffins i hipp som happ.
03080939
dei vart megagode med limeskal i, berre så de veit. så kom han der fine, me tok muffins i ein pose og gjekk litt, over ei bru og opp ei trapp sånn der, til reidun. reidun er kunstnar og miljøkoordinator på vidaregåande her, og hadde ikkje ho sagt til meg for nokre år sidan at ho såg noko i meg, så hadde eg nok ikkje reist på fotostudie til hausten, tenk det.
03080941
dei bur i fjellsida, og huset er så adskilt frå resten av verda. og med ein fantastisk veranda!
03080940
03080943
eg fekk te i ein nydeleg kopp.
03080950
han der fine fekk kaffi.
03080942
reidun fekk endeleg gitt meg denne. ei flaske med gullflak! kanskje den skal opnast på innflytningsfest, kven veit. det blir uansett fantastisk, tenk! vin med gullflak.
03080944
03080945
me tente lys og åt muffins.
03080946
03080949
hei, reidun.
03080947
etter det regna meir og meir flytta me oss lenger og lenger inn under morelltreet, og kanskje var klokka eitt då me gjekk heim, hånd i hånd i regnet, eg veit ikkje. eg vakna av eit suss i panna, og no er han ikkje her meir. i dag reiser eg på hytta ein tur, så me snakkast i morgon, finingar. hugs å vera med i konkurransen, eg bestemmer meg på onsdag kven som vinn, så kom igjen. puss puss!

translation
last night i baked blueberry lime zest muffins and went to see reidun. we drank tea and ate muffins and hid from the rain under a cherry tree.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *