tomatsuppe

i dag har eg laga heimelaga tomatsuppe alá ina! du treng ein og ein halv kilo tomater, to store lauk, basilikum, salt, pepar! snitt tomatene lett i toppen og kok dei i ei panne til skalet blir lett å ta av, så legg du dei i ein bolle med kaldt vatn(ellers er dei altfor varme) og fjernar skalet. medan tomatene kokar steikar du to grovhakka lauk i litt olje. når du har fjerna skalet på alle tomatene, hiver du dei i ei panne med lauken og kokar og mosar tomatane medan dei driv på, i nokre minutt. så tar du heile rabalderet med ein stavmiksar til det blir oransje mos! spennande vel? jepp. ikkje køyr dei i ein blender, med mindre den er dyr og tung som berre det.
3007093
så fin blir den da! så smakar du til med basilikum og salt og pepar, og eg hadde litt persille i óg, fordi me hadde det heime. tips: kjøp basilikum på glas i staden for i potte(dei har det ved krydderet), for det smakar nesten like godt og det er greitt om ein ikkje skal bruka ei heil potte på same tid. så er det berre å eta! typ fire porsjonar. nom nom.


translation
this is my recipe for tomato soup(four portions): boil and skin 1.5 kg tomatoes, cut the onions into about 1/2 inch pieces and fry them in some oil, and boil it all in one pan for a few minutes, then puree it with a hand held immersion blender, add salt, pepper and basil(and parsley if you like).

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *