tantemariell

eg kan vera skulemariell og kjærestemariell og vennemariell og bokmariell og bloggmariell, men i dag har eg vore tantemariell ei stund, og det var ganske fint.
280709161
me gjekk inn i ei verd av ripsbusker, og snakka om bestevenn hermann og vilde som var nesten bestevenn ho òg, men mest hermann, og han har lyst hår og eigentleg vil ho litt heim snart for ho lengtar til hamar og snøkvit-dokka si som dei la igjen der.
280709159
og medan me fylte bøtta snakka me om at det var fint at tantemariell og onkeljostein skulle flytta til oslo, for da kunne me pusøka kvarandre ganske ofte.
280709160
og me snakka om at ho snart har purstag og ho ønskar seg ikkje genserar for ho har nettopp fått ein ny med sommarfugl på, men prinsessetruser ville ho gjerne ha.
280709164
til slutt vart det litt solbær, og ho kunne fortella meg at favorittsongane hennar var lysegrøne songar og lyseblå songar og lyserosa songar. så veit ein det.translation
today i spent some time alone with my niece, she’s three but turning four in november, and we talked about life and berries and she told me she wants princess briefs for her birthday.

 

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *