gjer det sjølv, blomar i håret

du treng: franske hårklemmer
url
desse kan ein bestilla på ebay, ein søker på “french barrette clips”. eller på etsy! eg pleier å bruka åtte centimeter lange, men det vert ofte for stort òg, så eg har eit lager med seks centimeter i tilfelle.

url1
limpistol må ein ha! det får ein tak i på hobbyputikkar og ofte leikeputikkar òg.

23070975
så treng ein jo noko fint. eg brukar lysmansjettar, det er sånne som ser sånn ut på baksida:
23070976
eg pleier å kjøpa dei på nms-putikkar, dei kostar som oftast nesten ingenting. om ein ikkje har tilgang på bruktputikkar eller kanskje bestemødre som har dei gøymt i skuffene, kan ein kjøpa dei på ebay òg. da søker ein berre på “candle ring”. ver forsiktig med å finna ut kor store dei faktisk er, ein vil jo ikkje ha nokon som dekkar heile hovudet heller. det du må gjera no er å finna ut korleis du vil at blomen skal sitta i håret, også måla klemma opp mot baksida på blomen så du veit akkurat kvar den skal sitta når du får på limen. så tar du limen på klemma og plasserer den på blomen(og hold litt så det stivnar) og vips!

230709_78230709_79
fint vel?

23070980
og om klokka er halv fem om natta og du ikkje får sova og du har kjøpt rosa fluge(om ein vil laga og ikkje har sløyfer så søker ein berre på “bow tie” på ebay), kan du gjera den om til eit armbånd lett som ein plett med saks og nål og tråd.

translation
this is what i do to make my flower hair clips. french barrette clips + glue gun + candle rings! and if you have bow ties not currently occupied, you can make these lovely wrist bows!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *