om å vera forelska i daniel radcliffe

eg var ein boknerd som born, ein skikkeleg boknerd. eg hadde lest nesten alle bøkene på biblioteket på barneskulen, og eg følte at ei heilt ny verd hadde opna seg for meg då eg fekk lesa harry potter for fyrste gong. den fyrste boka las pappa til meg høgt på senga kvar einaste kveld, nokre gonger tvinga eg han til å vera vaken til langt forbi sengetid fordi eg berre måtte høyra meir. eg sat med augene att og sveva i universet som eg hadde laga heilt sjølv.

då den fyrste filmen kom i totusenogein var det noko som klikka for meg, det tippa over. eg var forelska. i daniel radcliffe. eg las alt eg kom over, sat i timesvis på internettet vårt som tok ein halvtime å lasta eit google-søk. det gjorde ingenting, for han var det vakraste eg visste i heile verda, eg ville sussa han i heile ansiktet. eg tapetserte rommet mitt med bilete av han, samla bilete av han i ei mappe på datamaskina. las alle moglege intervju og lærte blant anna at han låg i badekaret då han fekk rolla som harry potter, at han er døypt daniel jacob radcliffe, at han er født tjuetredje juli, at han trur på spøkelse, at han likar blå og gul og at han likar fisk. eg hadde med meg plakat på skulen og hadde den med meg rundt overalt, eg dansa og sang navnet hans i kvart friminutt, eg var forelska, det var kjærleik. eg kniste meg gjennom dei første filmane, og plutseleg er eg vaksen og han mista liksom fokuset ei stund.

men gjett kva, da? i dag såg eg eit intervju og vart heilt smør i heile kroppen. så det er nok for alltid, eg og daniel. evig kjærleik. kven skulle trudd.

translation
about still being in love with daniel radcliffe.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *