we are stardust we are golden

21070972
me kom fram klokka ti til førde i går, og det var allereie masse folk der og veldig god stemning, og det var så vidunderleg å sjå alle att.
21070971
dei andre åt reker med sitron, men eg likar ikkje reker så eg fekk sitron i glaset.
21070962
oda var veldig glad.
21070973
og christine var vakker, som vanleg.
21070965
og janne kom med sussar.
21070964
og hadde eit sukkersøtt skjørt som såg ut som ei kake.
21070974
og det var masse klemmar.
21070966
og han der fine laga eit orkester med musikk.
21070963
eg laga ostekake som me åt midt på natta, og det var bærflekkar i heile huset. absolutt fabelaktig.
21070961
og pikekyss!
21070967
klokka fem rulla eg og han der fine inn i senga til fredrik, han har vindu i taket. himla fint. eg ville ikkje reisa igjen. eg ville leva i bobla av mine beste venner for alltid. å, som eg saknar dei. men det var ein fantastisk fest.

ps: det er dette som skjer når ein låner vekk kameraet sitt til nokon og ein utan å vite det tek bilder med 1600 iso resten av kvelden. bleh.

translation
last night i celebrated my friend fredriks birthday!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *