del tre

korleis er bestemora di?
eg er så heldig at eg har to bestemødre. dei er veldig forskjellige. mammaen til mamma bur i verdal i trøndelag, og eg ser ho eit par gonger i året, men me ringer kvarandre av og til og eg saknar ho alltid. mormor lagar porselensdokker og har laga ei som er meg og ei som er søstra mi, og ho har eit heilt rom i huset sitt fylt med porselensdokker i alle storleikar, med nydelege kjolar. nokre har briller og andre har mellomrom mellom tennene. mormor likar dansebandmusikk. mormor og morfar ville ikkje vera kjærestar, men ho har gifta seg med min andre morfar som er kul trønder og som har kalla båten sin mariell. mormor har berre fem barnebarn, og er så kjempestolt og følger alltid med på kva me driv med. og ho leser bloggen min nesten kvar dag(onkel må finna den fram til ho og det tykkjer eg er så himla søtt). hei, mormor!

mammaen til pappa bur oppi gata for oss, og ho har elleve barnebarn og tre oldebarn, og ho kallar meg alltid veronica, og veronica heiter mariell. bestemor saknar bestefar veldig akkurat no og det er trist men fint likevel, og ho sit aldri i stolen hans. det trur eg forresten det er ingen som gjer. ho har to dører på kjøkenet og går rundt i ring og hentar bollar og kaker og sit aldri i ro. ho strikkar sokkar til alle saman pluss alle kjærestane til søskenbarna og er veldig påpasselig med at det blir likt. medan ho og bestefar var gift, pleide ho av og til å kjøpa seg nye klede og lata som dei hadde vore i skapet hennar lenge. bestemor er alltid lik på håret og ho har aldri eigentleg svart meg på om korleis ho får det til, om håret hennar berre er sånn eller om ho brukar timevis kvar morgon. bestemor veit ikkje at eg bloggar, men ho er søt likevel! hei, bestemor!

kva er yndlingsdesserten din?
veeeldig vanskeleg. hm. akkurat no er eg veldig glad i mint-is. og ostekake.

Liker du The Call av Regina Spektor? Sangen, altså?
den har eg ikkje høyrt. kanskje eg skal det?

hva ville du ha kalt en katt om du fikk en ny pusebaby?
kaktus!

tim burton eller wes anderson?
oi, så vanskeleg. det kjem heilt an på humøret. kan du spørja meg igjen etter alice i eventyrland-filmen?

er du religiøs?
nei. absolutt ikkje.

hvorfor/hvorfor ikke?
det er vanskeleg å seie, men eg har alltid vore så anti-religion, og alltid meint at det berre er tøv. every man is an island og det der. eg har respekt for det behovet menneske har for å tru på noko, men eg skjønnar det berre ikkje.

film eller bøker?
film på ein dårlig dag, bok på ein god.

sparer du penger?
vel, eg har ingen pengar å spare. når eg får litt pengar til overs skal eg spara pengar til reise. men dei blir jo òg brukt opp. på reise. eg har tjuefemtusen kroner på ein konto som eg ikkje kan røra. det er trygt og fint.

hvor mange seriøse forhold har du hatt?
eitt.

hvorfor er det så vanskelig å være forelsket?
eg trur det berre er sånn. kanskje er det meininga at kjærleiken skal vera litt vond først, så den kan bli fantastisk til sitt fulle når det faktisk skjer. eg veit ikkje.

om du skulle ha skrevet en bok, hva skulle den handlet om?
å, den skulle handla om kjærleik! om kjærleik mellom to gamle menneske, kanskje. det er noko av det vakraste, tykkjer eg.

hvordan ble du så interessant?
oi, takk! eh, eg veit ikkje heilt korleis eg skal svare på det her, men. eg har alltid vore litt annleis enn folka i klassen min fram til vidaregåande, utan at eg har gjort noko for å vera sånn. eg veit ikkje. eg berre er sånn.  

er du fra en rik familie?
nei, det kan ein vel ikkje akkurat seie. heilt vanleg.

liker du å gå på teater?
eg elskar å gå på teater!

kan du ikke skrive litt om familien din og vennene dine?
jo, det kan eg kanskje skriva om ein dag. om det er nokon andre interesserte òg?

vil du at vennene dine skal være rolige eller all over the place?
akkurat no skulle eg ønska eg fekk ein bestebestevenn som gjorde masse ting utan å tenke konsekvensar og som fann på masse spinnvillt!

hva liker du ikke?
eg likar ikkje dårlig ånde. eg likar ikkje å komma for seint. eg likar ikkje folk som køyrer rundt utan mål og meining. eg likar ikkje frp. eg likar ikkje dårlige bøker. eg likar ikkje høge lydar. eg likar ikkje fisk. eg likar ikkje reker. eg likar ikkje charterturar.

drikker du deg ofte full?
definer ofte? og definer full? eg er aldri den som drikk meg heilt sanselaust full, og er oftast den som ordnar opp ting, får folk i seng som har fått for mykje å drikka, passar på at andre får i seg nok vatn. nei, eg drikk meg ikkje ofte full. det tør eg ikkje.

hva drikker du?
om sumaren likar eg rosè- og kvitvin. om vinteren likar eg kald raudvin og amarula. også er det alltid ope for mojitos. og malibu.

var det då fleire spørsmål?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • kan du ikke skrive litt om familien din og vennene dine? jo, det kan eg kanskje skriva om ein dag. om det er nokon andre interesserte òg?Eg synst det hadde vore koselig å lese om familien og vennane dine :)

  • Jeg har også slekt i Verdal, hele slekta faktisk xD Det er kjempefint der ^^Og jeg drikker meg aldri full jeg heller, jeg er avholds og planlegger å være det til min dødsdag.

  • Ingen flere spørsmål.Bortsett fra .. kanskje det er lov å hilse på Mariell når hun flytter til Oslo?Familie og venner er trivelig å lese om.Alltid.

  • Klart ein vil lese om familien og venner. Eg humra for meg sjølv når eg las om bestemødrene dine:) Du fortel på ein søt og koseleg måte.Eg lurar litt på om du kan å danse. Alle kan danse sin eigen dans, men eg meinar skikkeleg dans liksom.Kva vil du helst at folk som kjenner deg att på gata o.l skal gjere? Oversjå deg, seie pent og roleg Hei eller gi deg klem? Kan jo bli alvorleg mange klemmar på deg etterkvart då:)Kva er det du ikkje tåler med fløyte?Når tok du piercingen din? Var det vondt? Er søstra di spesiell slik som deg? Eg meinar som har heilt sin eigen stil med kjolar eller noko anna som skil seg ut, eller er ho litt meir mainstream? Artig at vi får stille spm og får svar:)Veldig kjekt at du fortsatte å blogge.

  • “eg har respekt for det behovet menneske har for å tru på noko, men eg skjønnar det berre ikkje.”Det er jo ikke fordi man har behov for å tro på en religions innhold man tror på det, men fordi man føler at den respektive religionen best rommer virkeligheten. Altså, jeg tror ikke på Gud fordi det hadde vært kjipt å ikke tro, men fordi Gud finnes (slik jeg observerer og erfarer virkeligheten). Så på samme måte som man kan spørre religiøse hvorfor de har behov for å tro på Gud, kan man spørre de uten religion hvorfor de har behov for å tro på en virkelighet uten Gud ;)

  • Du er ein av dei sotaste eg veit om! Og eg kjenner at eg hatar litt den jenta som skreiv den stygge kommentaren (ho som hadde sett deg i Molde), men eg likar ikkje aa hate folk, saa daa gjer eg det ikkje mykje, berre litt.. Og: Bestemodrene dine verkar utrulege, og eg haapar at du og han der fine kjem til aa vaere saman for alltid! :)

  • Hvis du skal høre på Regina Spektor for første gang, er det ikke The Call du skal høre først, synes jeg. Da synes jeg du skal høre Pavlov’s daughter, That time, Pound of flesh eller kanskje Dance anthem of the 80’s. Jeg merker jeg gjerne skulle anbefalt tjue sanger til, men jeg tror du kommer til å like minst én av de fire jeg nevnte:)

  • eg trur eg òg meiner at “That time” er noko av det beste av Regina Spektor. Også syns eg du skal høyre heile den nye cden hennar, den er herleg glad! :) Heiter FAR. :) Du er søt.

  • Du kan godt skrive om familie og venner. Du har en skammelig god måte å beskrive mennesker på. Fantastisk.Og nå fikk jeg lyst til å ringe til bestemor og prate om alt og ingenting. Siden du fikk bestemødre til å bli så fint. Selv om jeg snakker med henne nesten hver dag fordi hun bor fem minutter unna.