om å vera på jazzfestival

bibliotek
422
om ein er på jazzfestival og har litt lite pengar som ein vil spara til dei konsertane ein verkeleg vil på, medan kjærasten har fripass til alle konsertar er det greitt å ha ei nydeleg bok å lesa. og før de spør; nei, eg leser ikkje kjempesakte. eg berre prøver å få så mykje tid med denne boka som mogleg. i går satte eg meg i ein park og las den ut. og eg vil anbefala den enda sterkare enn før. den er så nydeleg skrive!
bibliotek
410
og eg fekk bruka lommeboka som eg har fått frå eira. den er i papir og frykteleg fin og personleg, hih. kanskje eg skal få ho til å laga så eg kan selga i putikken?
bibliotek
415
inni er det dansande kamera og menn med bart! fint vel? eg er i teltet i dag, har starta på marie antoinette-biografien som er tjukk som ein murstein men verkeleg fin. kva bøker leser de i sumar?

eg var på bugge wesseltoft-konserten i går, som var vakker og fin og veldig bugge wesseltoft. det er så herleg med festivalliv, øl heile dagen og fulle gater med folk heile natta.

ps: i natt sov eg og han der fine i telt i lag for fyrste gong. det regna og eg fann ut at eg verkeleg elskar lyden av regn mot ein teltduk. & hald fram med å stilla masse spørsmål i innlegget under her!

translation
i’m at a jazz festival this week and i haven’t got too much money to spend so i’m mostly just reading books and sitting in parks in the city. this wallet in paper was made by eira. i’m currently reading a biography about marie antoinette. what are you reading?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *