berre ei sumarnatt, sånn der.

12070951
i går tok eg pussen til han der fine. han bur her. berre fjell og grønt å sjå, og det er så fint at ein dør.
12070952
me spelte kort til langt på natt, idiot, og eg vinn alltid og han blir sur som ei potte.
12070954
dei har hagen full av grønsaker og urter, deriblant mynte, masse mynte, og han laga den mest fantastiske teen eg har smakt med berre mynte, vatn og sukker. åh.
12070955
og me fekk endeleg ete opp dei siste makronane frå island. dei var rare på konsistens, men var framleis små bløtkaker. når me sovna var klokka altfor seint, og han sovna før meg som vanleg og då måtte eg dytta i han for å få han til å snakka med meg, for eg var ikkje trøtt enda. me sovna ilag, og våkna akkurat i same stilling som me sovna og eg elskar når det skjer.

ps: eg skal plutseleg og veldig impulsivt reisa til molde i dag, på jazzfestival, og eg lurer på om nokon frå molde kan seie meg om det fins noko internettkafè eller liknande?

translation
last night i took the bus to my boyfriends house. we played cards, ate macarons and drank the most delicious home made mint tea.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *