om kamera og foto og sånn

eg får, kvar gong eg legg ut bilete eg har tatt sjølv, spørsmål om kameraet mitt og om utstyr og om innstillingar. så eg tenkte at eg ein gong for alle skulle skriva så alle kan sjå! praktisk vel?

(eg tar på meg alle typar fotooppdrag(det vera seg babyfotografering, vanlige portrett, konfirmasjonar, akt osv.), om du er interessert, mail meg på mariell.oyre@gmail.com for prisar og booking)

kamera

eg brukar eit canon-kamera, 40d. det er eit av dei semi-proffe til canon, så det er mykje større og tyngre enn til dømes 450d, 350d og 400d, som er av dei nyare amatørkameraa til canon. 40d har 10.1 megapiksel – men drit i det! eg veit at mange trur at jo meir megapiksel eit kamera har, jo betre er det. det er ikkje sant, og det frustrerar meg veldig at ein brukar det til å måla verdien på eit kamera. om du har tenkt å bruka kameraet ditt til å fotografera venner og fest og familie og bestilla 10x15cm store bilete for å lima dei inn i eit album, så har du verkeleg ikkje behov for så veldig mange megapiksel. mange megapiksel er fint å ha om du skal laga store bilete for å beholda oppløysinga på biletet. eg tykkjer heilt ærlig og oppriktig at lukkarlyden er viktigare! det er rart, men eg hadde aldri klart meg med eit kamera som eg ikkje likte lyden av.

objektiv

mange spør om objektiv, og det er viktig. veldig viktig. så viktig at de skal tenka veldig over det før de kjøper nye objektiv, for det er mange pengar og det er dumt å kjøpa noko som du ikkje veit om passar for deg. eg kjøpte eit 50mm f/1.8 tidligare i år, men det passa berre ikkje til meg i det heile fordi eg likar å ta augneblinksbilete, og det kan ein ikkje med det objektivet fordi ein må gå så himla langt ifrå for å få oversikt. det er, derimot, eit bra objektiv om ein driv med portrettfoto.

eg har per dags dato to objektiv som eg brukar om kvarandre. sigma 28mm f/1.8, som er eit macro-objektiv som eg har brukt til alt mulig det siste året: friday in the backyard
thursday night
big bang concert!
comptine d'un autre ete l'apres midi
nemlig. men det er altså eit macro-objektiv og kan brukast til det formålet òg. det som er teit med denne linsa er at den er så himla tung og svær. difor kjøpte eg sist veke eit nytt objektiv som eg ikkje har brukt så mykje enda, men er veldig nøgd med så langt,

canon 35mm f/2.0, som har tatt sånne bilete:
what they say doesn't matter to us anywaywhat they say doesn't matter to us anyway
09070948
0707093
eg elskar det! og det er så lite og søtt og enkelt å bruka.

innstillingar

eg pleier å bruka m-funksjonen på kameraet mitt, det vil seie at eg stiller inn alt manuelt, lukker og iso og blender og ja. det kan òg vera eit godt tips om du nettopp har fått deg kamera eller vil læra om korleis kameraet ditt eigentleg fungerar, å stilla inn på manuell, for da tvingar du deg sjølv til å forstå korleis dei ulike instillingane fungerar med kvarandre. angåande iso er det sjeldan eg har meir enn 400, for bileta blir så kornete. så om du brukar eit standard kit-objektiv med blendar som ikkje går under 3.5, og difor må bruka iso på kanskje heile 1600: kjøp eit nytt objektiv. for dei bileta kan sjeldan brukast til noko, og tåler så å seie ingen redigering i heile tatt.

redigering

eg skyter i raw og ikkje jpg fordi eg likar å ha full kontroll i etterarbeidet. alle kamera som har raw-funksjon får med eit redigeringsprogram som taklar formatet, men eg likar ikkje canon sitt program i det heile, og eg hatar iphoto. eg brukar for tida adobe photoshop cs4, og likar veldig godt å redigera raw der. da stiller eg som regel på eksponering, fyll-lys, mengda svart i biletet, fargar, skuggar, temperatur og ja. om du har eit kamera med raw-funksjon og har lyst til å prøve anbefalar eg å først fotografere i både raw og jpg, så du i tillegg får jpg-filene i tilfelle. også er det lurt å setta seg inn i kva raw er først. hih.

eit siste tips og ei oppfordring: kjenn kameraet ditt. kjenn utstyret ditt. det er berre dumt å eiga speilreflekskamera om du ikkje veit korleis du skal utnytta det til sitt fulle potensiale. ooog om det var nokon som lurte så selger eg bilder og ein kan kontakta meg på mail om ein har spørsmål om det.

er det noko meir de lurer på?


translation
about my camera, my lenses and editing. try the google translator(though i’m not sure it helps very much).

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *