om mine born

3515811228223477d006

me skal ha fire born. det har me visst lenge. me veit kva dei skal heita òg, det har me òg visst lenge. ja, eg og han der fine altså. me har prata og prata og prata om born så lenge at eg blir utålmodig, eg vil ha dei no! eg vil ha små føtter og små nasar og små fingernegler ved sidan av meg i senga. og tenk om dei får krøller.

storm
den førstefødte, eg håpar han blir født med svarte krøller og mørke mørke auge. det første ordet han seier er “prikk”. han veks opp i musikken og kunsten som vår augestein, han byrjar å spele cello som seksåring(han må stå på krakk), han leser tegneseriar og bøker om kvarandre og er hemmeleg forelska i jenta som bur over vegen. (dei giftar seg til slutt, skal de sjå)

frøya
ho blir født med eit smil, og storm tek ho i armane sine og bærer ho rundt, ho er det mest dyrebare i heile verda for han, det er viktig å vera storebror(eg har alltid ønska meg ein storebror). ho får tenner fort, og likar druer og pærer best. ho ligg våken heile nettene og berre funderar på sprekkane i taket, ho høyrer etter om huset søv.

ea

jente nummer to, med langt brunt hår og grøne auge. ho skal vera umuleg å ha med å gjera, ein draum for gutar og eit mareritt for foreldre. ho blir den kulaste jenta på skulen, elskar å drikka øl og gå med annleis klede, elskar å gjera bomber i bassenget. ho får hjartet sitt knust tusen gonger, men finn kjærleiken til slutt. ho er oppteken av universet og har stjernekikkert på rommet.

une
minstemann blir den smartaste og snillaste av dei alle. une tyder jo tross alt “han som ein trivast med”.


translation
about my children.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *