om kjærleik i kvardagen

uheldigvis er det noko som heiter kvardagen. noko som er så kjedelig som å skulla gjera noko fornuftig åtte timar om dagen. da er det vanskeleg med kjærleiken av og til. og det verkar som mange trur at eg og han der fine bur i ei eventyrverd der me ikkje treng å jobba eller tenka på skule, men berre er saman heile heile heile tida. og det er feil. kanskje bloggar eg sånn at det går an å tru det, men det er ikkje sånn det er i det heile. nokre har spurt meg om me er saman kvart sekund kvar einaste dag, andre lurer på om eg har vener i heile tatt. nei. og ja. han der fine skal bli musikar, som de veit. han øver fleire timar om dagen, men prøver å gjera det så effektivt som mogleg så han kan eta middag med meg kvar dag. middagstid og sovetid. det er dei timane om dagen me ser kvarandre i kvardagen, og når me avtalar å ta oss litt ekstra tid til å gjera ingenting. og jovisst skulle eg elska å vera med han heile dagen lang, men det hadde vorte frykteleg kjedeleg(både for meg og for til dømes blogglesarane mine, hih) utan andre impulsar, andre menneske, andre tankar. er de ikkje einige i det? ein kan vera like forelska om ein er ifrå kvarandre. heilt sant.

og i helgene kan ein ligga i senga så lenge ein vil og telja frekner på ryggen. og da er det lenge til måndag.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *