ostekakedag.

eg har dei finaste lesarane i heile verda. lesarar som veit veldig mykje om meg, til dømes at eg ikkje toler fløyte. så i posten for ei stund sidan fekk eg ei oppskrift på ostekake utan fløyte! og det var perfekt i dag, for min pappa har purstag. heile 42 år. sei gratulerer, pappa hjartesmil!

dutreng
ca 125g smelta smør, 150g kjeks(eg brukte digestive og ritz), 600g philadelphia(vanleg, ikkje lett), 3 egg, 1 dl sukker, 3 dl bær, 2 dl solbærsaft, 2 blad gelatin.

saagjerdusaann
01070910
knus kjeksa og bland med det smelta smøret. du treng kanskje meir smør og kanskje mindre, berre kjenn etter etter kvart som du blandar, om konsistensen fint kan pressast til å sjå ut som ein ostekakebotn, hih. smør ein kakeform og press kjeksblandinga i botnen.

01070911
bland philadelphia + 2dl bær + sukker + egg i ein bolle, og tøm det i kakeforma. steikast i ovnen på 125 grader i ca 45 minutt. når den er ferdig skal den stå i kjøleskapet til den blir kald.

01070912
når kaka har blitt kald(veldig viktig at ein ventar såpass lenge, ellers blir det mislykka), kan ein ta gelatinblada og legga dei i litt kaldt vatn til dei blir mjuke. i mellomtida kokar du opp solbærsaft(konsentrat). eg er så heldig å ha svigermor sin heimelaga solbær-bringebær-stikkelsbærsaft, og det var perfekt. når gelatinen er mjuk og saften kokar, tar du saften av plata og gelatinen oppi. rør rundt til gelatinen er smelta og utblanda. så tømmer du forsiktig blandingen over kaka. tøm den siste dl med bær på toppen og sett den i kjøleskapet over natta.

translation
the first cheesecake i ever made that i’m not allergic to! lovely.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *