mitt reykjavik

før de tenkjer “å, dette var ein liten guide”; reykjavik er ein pytteliten by. sentrum består av èi gate(som er delt opp i tre gatenamn), men til å vera ein så liten by er det eit heilt fantastisk vintage-utval, og mange fleire vintageputikkar enn eg skriv om her. så berre gjer litt research om ein planlegger å reisa dit, det er alltid smart.

det fins òg fleire raude kross-putikkar i reykjavik, og nokre er vanskelege å finna. så få deg eit godt kart uansett, og vit kva du leitar etter. prisane er veldig varierte, men ligg stort sett på vanlege vintage-prisar. frå 4000-8000 isk, som er ca 200-400 norske kroner, som er veldig gode prisar om ein tenkjer på kor god kvalitet det er på plagga, og det er veldig billig akkurat no, litt meir enn halv pris av det det pleier å vera.

reykj00016
0107094
vintage
laugarvegur 25

kjempevanskeleg putikk å finna, eg og han der fine berre datt over den litt. ein må gå inn i eit bygg og opp nokre trapper og vips! ein vintageputikk ut av det blå. her har dei så utruleg mykje fint, og eg fekk med meg to kjolar herifrå. og megasøte jenter som eig putikken!

0107095

rokk og rósir
laugavegur 32

kjolemekka. fantastisk kjolemekka. og heilt vanvittige vintage-briller frå dior. og tynne tynne gjennomsiktige hanskar. ballkjolar frå 80-talet og dagkjolar frå 60-talet og vippekjolar frå 50-talet. men berre ein fekk vera med meg heim.

010709
sputnik
klapparstigur 27

på sputnik hadde dei ikkje så veldig mykje for meg, men veldig mykje fint likevel. og masse fine skjorter og nydelege sko. og ei nydeleg jente i kassa som ikkje hadde hår på hovudet men spelte fin musikk. og sløyfer!

0107096
tiger
laugarvegur 13

dill og dall-putikk. eg fekk med meg så mykje heim! isformer og såpeboblepistol og fine skrivebøker. dit må ein reisa om ein er i reykjavik. fins òg ein putikk på kjøpesenteret kringla(her fins òg zara og topshop, forøvrig, men eit veldig lite koseleg kjøpesenter.)

0107092
sandholt
laugavegur 36

fantastisk kafè med fantastisk mat og fantastisk heimelaga is og makronar! gå dit.

0107097
prikid
bankastræti 12

prikid har fantastiske hamburgerar, og stort utval. eg åt tex mex-burger og han der fine åt italiensk. og billig øl!

tips: ikkje vask hendene utan såpe. vatnet stinkar råtne egg(på grunn av svovelen). noko meir de vil vita?

translation
my guide to reykjavik!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *